• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Futegarden på Huglo, Stord

Hovudhuset frå futegarden på Huglo er som ei velbygd bondestove (Jan Rabben).

Futegarden på Sørhuglo er ein av dei mange embetsgardane i Hordaland. Etter tradisjonen vart «Futastovo» bygd av futen Gram i andre halvdelen av 1600-talet. I 1943 vart bygningen flytta til Sunnhordland Museum.

Ivar Knudsen Gram var fut i Sunnhordland 1648-57. Han døydde i 1697. Slekta kom frå Sør-Jylland, og fleire representantar drog på den tida til Noreg som embets- eller handelsmenn. Ivar Knudsen var ein velhalden mann og åtte fleire gardar. Sjølv budde han mestedelen av livet på Sørhuglo, som på folkemunne har vorte heitande «Futagarden». Son og soneson til futen var lensmenn i Føyno skipreide.

Den opphavlege delen av huset har to stover med lem over, gang og kjøkken med sval.

«Futastovo» er truleg ei av dei første lemstovene i Stord. Storleiken står i høve til det vi veit om embetsmennene og lågadelen sine husvære på 1600-talet.

Fram mot 1800-talet vart huset påbygt. Den nye delen har stove, kammers, kjøkken og bislag. Ei ark over lemmen kan ha kome til endå seinare.

Ei røykstove, truleg frå mellomalderen, skal ha vore ein eldre bustad på futegarden. Også ho står i dag i Sunnhordlandstunet.

  • Futegarden på Huglo, interiør

Interiør, futegarden på Huglo (Helge Sunde).

  • Espeland, A. (1918) Kalkbrenningi i Sunnhordland. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 25-32.
  • Sunnhordlandstunet: vegvisar (1961). I: Sunnhordlands-arv, bd. 1. Bergen, Sunnhordland folkemuseum og sogelag.