• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Einstapevoll

Hovudbygningen på Einstapevoll. Den einaste trebygningen på garden (Jan Rabben).

Einstapevoll (av einstape: «bregne») ligg på vestsida av Tittelsneshalvøya. Fram til 1831 var garden prestebustadgods under Stord presteembete. Prestane hadde bygselretten. Landskylda og andre avgifter frå garden var ein del av løna deira.

I 1816 bygsla Ole Georg Olsen bruk nr. 1 på garden. Han var son av sokneprest Eric Olsen på Stord. Han reiv dei gamle husa, og bygde i alt 24 nye bygningar på bruket. Av desse var berre hovudhuset i tre, resten var oppførde i stein. Kring huset bygde han opp murar i naturstein, som dannar ei grense mot udyrka mark og omkransar hagen. Utforminga av tunet er eit resultat av ein medviten plan, med markerte aksar som speglar av barokkens symmetriprinsipp. Bruken av stein som byggjemateriale og dei mange helletaka gjer at tunet føyer seg fint inn i terrenget. På Einstapevoll var det fleire hellebrot som gav gode inntekter.

Ole Georg Olsen var ein dyktig gardbrukar og handverkar, og han gjorde bruket til eit mønsterbruk. Ideane til utforminga av tunet henta han på reisene sine, og det er tydeleg at han må ha vore godt kjend med prinsippa for utforming av hageanlegg. Han bygde lysthus, planta roser og kaprifolium, laga frukt- og bærhagar og ei rekkje av mektige lønnetre. Bortanfor desse ligg ein elliptisk forma haug, krona av eit veldig kastanjetre. I dag står 18 av husa att på garden. Tunet ligg vakkert i landskapet, med dei mange steinhusa og murane. Hovudbygningen, som er i tre, var opphavleg i empire-stil. Noko av dette preget er intakt i interiør og detaljar. Utvendig er huset prega av ei ombygging i 1916-17, med krysspostvindaugo i jugend-stil. Kårhuset «Muren» vart truleg oppført i 1832. Det har eit tilbygg frå 1940. Tunet vart freda i 1923.

  • Haugsgjerd, R. (1979) Helleberga på Valestrand. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 97-106.
  • Olsen, E. (1797) Kort Underretning om Hellebrudd, Hellernes Behandling og oeconomiske Nytte, samt om Huul-Veyters Anlæggelse med Brake eller Eener. Bergen.