• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Einstapevoll

Heller frå steinbrotet på Einstapevoll blir brukte både til murar og tak. (Svein Nord)

«På landet Wallestrand.... befindes Bierg Arten næsten over alt at være af en skiferaktig Beskaffenhed; såvel nede ved søekanten, som på Gårdene og i deres Udmarker».

Dette slår sokneprest Eric Olsen fast i 1797, i ei lita bok om helleberga på Tittelsnes. Han var ein føregangsmann som ivra for å auka bruken av stein til bygging av uthus og til taktekking, mellom anna for å spara på skogen, som mange stader byrja å verta uthoggen.

På vegen frå Førde mot tunnelmunningen til trekantsambandet ser vi gneisar, granittar og pegmatittar, slik dei har vore i rundt ein milliard år. Tek vi turen vidare mot Valevåg og Tittelsnes, blir fjellet straks mykje meir skifrig og lagdelt. Her, langs Bømlafjorden, vart dei opphavlege bergartane mykje seinare i jordas historie pressa og dregne ut til tynne lag, eller brotne opp i tusenvis av fragment, slik at dei ikkje er til å kjenna att.

Resultatet er kjent som bandgneis og augegneis. Bandgneisen er ei veksling mellom mørkare og lysare lag av ulikt opphav, medan augegneisen inneheld augeforma feltspatfragment i centimeterstorleik. Fragmenta var ein gong store feltspatkrystallar i pegmatittgangar, men vart rivne i småbitar under utvalsinga av grunnfjellet for over 400 millionar år sidan.

Desse endringane gjekk føre seg då fjellet var eit godt stykke nede i jordskorpa og oppvarma til rundt 400°C. Ved slike temperaturar motset feltspat seg slik utvalsing i større grad enn dei andre minerala, som lettare lèt seg dra ut, nett som modellervoks.

Årsaka til denne omdanninga av grunnfjellet var rørsler i jordskorpa både under den kaledonske fjellkjededanninga og utviklinga av Hardangerfjordskjersona i devontida. Resultatet er gneisar som dei vi finn i skiferbrotet på Einstapevoll og fleire andre brot i Tittelsnesområdet. Det hadde vore endå betre grunnlag for skiferbrot i Sveio om gneisane ikkje hadde falda seg på slutten av omdanningshistoria. Skiferbrytarane må halda seg vekke frå desse faldesonene for å få rett og fin stein.

Gravfunn tyder på at det har vore busetnad her heilt attende til 600- talet e.Kr. På 1800-talet hadde helle - brota mykje å seia som inntektskjelde for bøn dene på gardar som Einstapevoll, Haugs gjerd, Hauge og Gramshaug. Ikkje minst hus mennene hadde god nytte av desse inn tektene. Verk semda gav òg arbeid til mange utanbygds folk. I 1920-åra vart det stort sett slutt på arbeidet i hellebrota .Hellene har mange felles trekk med skiferen frå Sålesnes i Jondal.

  • Kart over dei utvalsa gneisane langs Bømlafjorden

Utbreiinga av dei utvalsa gneisane langs Bømlafjorden (Johan Naterstad/Haakon Fossen)

  • Restar av pegmatittgangar.

Langs sørsida av Bømlafjorden finn ein restar av pegmatittgangar i det utvalsa grunnfjellet (augegneisen). Feltspatkrystallane er mest motstandsdyktige mot nedbryting, og kan kjennast att som rosa, augeforma korn på storleik med eit kronestykke.

  • Hellebrota på Tittelsnes

Frå Haugsgjerd på Tittelsnes (Jan Rabben)

  • Ved Kjekse finn ein restar av pegmatittgangar i augegneisen.

Ved Kjekse finn ein restar av pegmatittgangar i augegneisen. (Svein Nord)

  • Kråkesølv.

Kråkesølv. (Haakon Fossen)

  • Pegmatittgang nær Valestrand.

Pegmatittgang langs riksvei 14 nær Valestrand. Slike pegmatittgangar vart danna ved sakte krystallisasjon frå steinsmelte. Dei består mest av raudleg kalifeltspat, blåkvit kvarts og store, glinsande flak eller krystallar av muskovitt ("kråkesølv”). (Svein Nord)

  • Fossen, H. 1993. Structural evolution of the Bergsdalen Nappes, Southwest Norway. Norges Geologiske Undersøkelse 1993, 424:23–50.