• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Fartein Valens hus, Valevåg (Svein Nord)

«Fartein Valen er den centrale skikkelse i nyere norsk musikk. Ikke i kraft av nogen popularitet fremfor de andre yngre komponister, men fordi han setter sig de høiere mål som han også fullt forstår å gjennomføre da han overlegent behersker alle midler. Men det koster å heve sig over det almindelige og det koster å kreve noget mere enn vanlig av tilhørerne, det har Valen fått føle.»

Dette skriv komponisten Harald Sæverud i Bergens Tidende i januar 1931. På denne tida hadde Valen, gjennom årelangt målmedvite arbeid, skapt sin heilt personlege musikkstil og gjort han til ein reiskap for dei kunstnarlege intensjonane han hadde. Valen visste at han ikkje kunne finna si eiga form ved å skriva i tradisjonell stil. Han vart ein banebrytar innanfor musikken, og måtte tola mykje kritikk. Sjølv om han tok seg nær av kritikken, rokka den ikkje ved trua hans på eigen kunst. Mellom dei mest kjende arbeida hans står orkesterverket «Stillhetens Ø», «Fire klaverstykker», «Konsert for fiolin og orkester» og «Symfoni nr. 3» frå 1946.

Fartein Valen (1887-1952) vart fødd i Stavanger. Far hans var misjonsprest, og familien budde på Madagaskar til Fartein var sju år. Då kom dei til Stavanger, der han tok artium med toppkarakter i 1906. Valen drog så til Kristiania for å studera filologi. Samstundes tok han undervisning i komposisjon. Han hadde stor språkgjevnad, og meistra etter kvart ni språk. Men det var musikken han sette høgast. I 1909 drog Valen til Berlin for å studera ved musikkhøgskulen. Sjølv om han fann skulen lite inspirerande, hadde Berlin mykje spanande å by på for ein ung komponist, og han vart buande der i fire år. Etter dette budde Valen på familiegarden i Valevåg fram til 1923. Då flytta han til Oslo, der han vart inspektør ved Norsk Musikksamling. Han hadde kortare utanlandsopphald i Paris, Italia og på Mallorca i denne tida. Særleg Mallorca fekk mykje å seia for han. I Oslo fekk Valen framført ein del av verka sine, men tonespråket hans gjorde han omstridd i ei tid med aukande interesse for norsk folkemusikk.

I 1938 flytte Valen attende til Valevåg, der han budde resten av livet saman med syster si Sigrid. Han fekk komponistgasje, og dette opplevde han som ei stor ære. I Valevåg fekk han den roa han trong til å komponera, lesa og dyrka rosene sine. Valen var djupt religiøs, og saman med kunsten og naturen var dette den viktigaste inspirasjonskjelda hans. At han aldri tvilte på det han stod for, har òg gjeve minnet om han ein ekstra dimensjon.

  • Fartein Valen

Fartein Valen

Fartein Valen (foto: ukjent, eigar: Norsk Musikerforbund, Oslo).

  • «Rosedyrkeren».

«Rosedyrkeren»

«Rosedyrkeren». Måleri av Axel Revold 1918 (eigar: Kode (BB 442, 14x100)).

  • Gurvin, O. (1962) Fartein Valen: en banebryter i nyere norsk musikk. Drammen, Lyche.
  • Kortsen, B. (1965) Fartein Valen: life and music. Oslo, Tanum.
  • Valen, S. (1953) Fartein Valen: nokre minne om bror min. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 56-64.