• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Haugsbø

Den eldste delen av stovelåna på Haugsbø skriv seg truleg frå 1700-talet (foto: ukjent, eigar: Fylkeskonservatoren i Hordaland (80. 23:12A)).

Den einbølte, veglause garden Haugsbø ligg på austsida av Tittelsneshalvøya, ut mot Ålfjorden. Heilt frå mellomalderen har garden truleg lege under Stord presteembete, fram til 1800-talet. I 1590 er det sagt at han låg øyde, men i 16O1 svara Mickel Hougsbøe tiend av garden.

Haugsbø var ingen storgard, men dei hadde skog nok til å vøla husa sine, då husa brann i 1715. Det er nærliggjande å tenkja seg at det då vart bygt nye stovehus. I 1668 hadde garden «..klippet och Ringe Agger, god Vdmarch, Lidt bielcher, sperre och Vee at selge». Det samanbygde stovehuset på Haugsbø ser ut som fleire hus med ulik mønehøgd, bygde vegg i vegg. Til venstre ligg ei lemstove med kjøkken framfor og eit kammers for enden. Til høgre ligg ei røykstove med eit eldhus bygt attåt og ei skykkje i gavlen av eldhuset. Det er eigenleg to hus vi har framfor oss: «nyahuset» med lem og kjøkken og pipe over tak, og «gamlahuset» med grue i eldhuset og truleg opphaveleg ein røykomn i røykstova. Det er den gamle og den nye tid vi møter her. Lemstova, som kan vera bygd tidleg på 1800-talet, har fått ny eldstad med jernomn inne i stova, medan røykstova og eldhuset fører oss rett attende til mellomalderens bustadform. Truleg kan røykstova vera bygd etter brannen i 1715, og her er vi på sporet av ein spennande tradisjon. Slik det står i dag, er huset om lag 20 meter langt. Det er neppe heilt tilfeldig at desse romma eller husa er bygde i hop innanfor eit langhusskjema. Høgst sannsynleg er dette eit framhald av byggjeskikken frå mellomalderen.

  • Haugsbø i dag

Haugsbø i dag

Haugsbø i dag (Svein Nord).

  • Planløysing, Haugsbø

Planløysing, Haugsbø

Planløysing, Haugsbø (Nils Georg Brekke).

  • Hagland, J.R. (1976) Kongeforliset på Lyngholmen, og restane av ein munnleg tradisjon. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 56-60.
  • Hinsch, E. (1954) Gullringen frå Sveio. Små godbiter fra samlingene, 2 (9). Bergen, Universitetet i Bergen