• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Tett ved skipsleia i Bømlafjorden vest i Sveio ligg Lyngholmen. Dette er ein av dei stadene langs leia der skip kunne liggja og venta på god bør eller søkja ly for uvêr. I islandske annalar og svenske krøniker frå mellomalderen vert det fortalt at Kong Magnus 7. Eiriksson, som hadde vore konge både i Noreg og Sverige, enda sine dagar her vinteren 1374. I dei islandske kjeldene står det skrive at kong Magnus og mennene hans – 25 i talet – forliste og drukna. Berre liket av kongen dreiv i land.

Denne soga finn vi att i munnleg tradisjon i Sveio heilt opp til vår tid. Det vert fortalt om ein hovding eller konge som forliste ved Lyngholmen ein gong for lenge sidan. Etter segna vart kongen hauglagd i den store gravrøysa på Lyngholmen, som vert kalla «Kongsvarden», men dette er lite truleg. Skikken med hauglegging vart det slutt på med kristendommen, og arkeologar reknar med at røysa er frå bronsealderen, om lag 3000 år gamal. Men mykje tyder på at soga om kong Magnus sin triste lagnad ved Lyngholmen har rot i ei faktisk hending.