• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Bautastein, Straumen gard (Svein Nord)

På garden Straumen ved fylkesgrensa mot Rogaland, opphavleg husmannsplass under garden Vikse, står det ein bautastein nedanfor husa på br. nr. 1, om lag 1,30 m tjukk ved fotenden og 20-30 cm tjukk. Etter tradisjonen er bautasteinen reist av Ramnafloke, oppdagaren Floke Vilgjerdsson. Lansnåmabok fortel at Ramnafloke oppdaga Island. Truleg budde Floke inne i Viksefjorden. Då han etla seg vest over havet og hadde rodd skipa sine utanfor straumen, heldt han blot til Odin. Han tok med seg tre ramnar. Dei skulle syna han kvar landet låg, lik ramnane Hugin og Munin, som kvar morgon flaug verda rundt og frette nytt. På den staden der blotet vart halde, reiste Ramnafloke to bautasteinar. Berre den eine av desse står i dag.