• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Den gamle handelsstaden på Tjernagelsholmen kring 1920 (foto: ukjent)
Den gamle handelsstaden på Tjernagelsholmen kring 1920 (foto: ukjent)

Det er lite som i dag står att av den gamle handelsstaden på Tjernagelsholmen. Hovudhuset vart rive i 1971, og nokre av dei gamle sjøhusa er òg borte. Den lune vågen, med innseglinga skjerma av holmar, dannar ei naturleg hamn som gjorde Tjernagelsholmen til eit senter for handels- og gjestgjevarverksemd i eldre tid. Så lenge det har vore ferdsle langs kysten, har ei slik hamn gjeve kjærkome ly mot vêr og vind. Under vårsildfisket på 1800-talet var det knytt stor aktivitet til Tjernagelsholmen, med handel, bøkring og sildesalting. Hamna gav nattely for fiskarane. No er det slutt på handels- og næringsverksemd på Tjernagelsholmen, men den lune bukta ligg her, til glede for dei fritidsbåtane som finn vegen hit.