• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Annemor og Reidar Skorpen

Annemor og Reidar Skorpen i slåtten. Står blomeengene ustelte for lenge, vil dei gro att og forsvinna. (Svein Nord)

NYTT LIV FOR EIT TAPT SKOGSPARADIS?

Ta ein tur til Ånuglo ein varm sommardag. Du kan ankra opp i Skipavågen og gå på oppdagarferd langs stranda. Eller du kan finna kjempetre av kristtorn og bergflette inne på øya. Går du innom dei små gardane på vestsida – den eine enno i hevd – kan du oppleva fargerike blomeenger frå ei tid alle drøymer om, men få lenger hugsar.

Er det høgsommar, set prestekrage og blåklokke tonen, akkompagnert av ei lang rekkje urter og gras. Litt tidlegare, i juni, ligg jordnøttblomane som eit brureslør utover markene. Dersom du kjem i mai, er det heile farga av vårkål, engkarse, vårmarihand og kusymre.

Med dei milde kystvintrane og dei lange, fuktige og relativt varme somrane ligg Ånuglo midtfjords med betre føresetnader for plantevekst enn det som er vanleg. Opphavleg var øya dekt av grovvaksen furuskog. Enno finst det teigar med storfuru og digre eiketre, og ein stad står det ei kjempestor lind.

Alt i 1909 vart det gjort framlegg om å freda eit område under Skogvesenet sin administrasjon. Striden om freding eller skogplanting vart lang. Først i 1967 kom det framlegg om grense for eit verneområde på søraustsida av øya. I mellomtida var det planta framande treslag på øya. I 2014 vart verneområdet kraftig utvida og inkluderer no det meste av øya, i tillegg til delar av nabøyane Midtøya og Seløya og søraustre delen av Florneset på Tysnes.

Den tunge og mørke granskogen trugar med å fortrengja den opphavlege furuskogen. I løpet av 2017 og 2018 skal all planteskog i heile det nye naturreservatet hoggast, og etter dette skal naturskogen få etablere seg sjølv. Målsetjinga er å føre vegetasjonen tilbake til det opphavlege. Ein stri jobb vil det bli å fjerna gran, sitkagran, edelgran, hemlokk og lerk, som i dag gjer krav på store delar av Ånuglo og dei andre øyane. Frøplanter tyt opp alle stader, og desse må fjernast for hand.

Mest kjend er kanskje Ånuglo for dei kjempestore trea av kristtorn og bergflette. Den største bergfletta i Noreg voks her, men tidleg i 1950-åra måtte ho gi tapt for seinskadane etter torpedosplintar under eit sjøslag i april 1940. 

Den frodige furuskogen under Storhaugen har vekt internasjonal interesse. Du kan vandra i underskog av 5–8 meter høg einer, kristtorn og hassel, og oppleva kor småfalne dei verkar i forhold til kjempefuruene som ruvar over. Bergfletta klatrar oppetter furuleggene, og vivendel, steinnype og krossved dannar buskas over ei frodig blanding av kusymre, ramslauk og fleire andre kystplanter. Ved Vedavika veks den austlegaste førekomsten av purpurlyng i fylket.

  • Gråspette

Mangfaldig dyreliv

I dag er det ingen fastbuande på Ånuglo, og delar av det gamle kulturlandskapet er i ferd med å gro att. I løpet av 2017 vil all planteskogen på øya bli fjerna. På sikt vil naturskog ta over her. Det vil vere ein stor føremon for dyrelivet, for biologisk mangfald er lågt og lite variert i tette plantefelt.

Søraustsida av øya husar det mest mangfaldige dyrelivet. Eit like viktig område, særleg for fuglar, er den frodige lauvskogen frå Skipavågen og opp mot gardsområdet. Mange tre ber tydelege merke etter hakkespett. Det finst minst tre artar hakkespett på Ånuglo, med kvitryggspetten som den mest vanlege. Han har svært store revir, og er følgjeleg ikkje lett å finna.

 

Det finst òg orrfugl og storfugl både her og på naboøyane. Havørna hekkar her, og stundom kan ein jamvel sjå hønsehauk på jakt etter eit høveleg bytte. På solrike stader kan hoggormen vera talrik.

  • Bergfletta på Ånuglo

Professor Sernander (med ryggen til) og ein student måler diameteren på den store bergfletta på Ånuglo.

  • Liljekonvall i kalkfuruskog

Liljekonvall i kalkfuruskog. (Bjørn Moe)

  • Fægri, K. 1956. Ånuglo – det tapte paradis. Bergen Turlag Årbok 1956: 77–85.
  • Lunde, B. N.; Skogen, A. 2002. Vegetasjon, bruk og skjøtsel i verneområdene for barlind og kristtorn i Hordaland. Vedlegg XIII: Ånuglo naturreservat, Tysnes kommune. Rapp. til Fylkesmannen i Hordaland, miljøvernavd.