• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Handelsstaden på Årbakka, Tysnes

HANDELSSTADEN

Handelsstaden på Årbakka ligg lunt til ut mot Onarheimsfjorden, velstelt og i god stand; ein klassisk vestlandsk landhandel. Årbakka høyrer til dei yngre handelsstadene som voks fram etter 1842, då byborgarane sitt handelsmonopol i distriktet vart oppheva. Handelen her tok til i 1898, og krambua står slik ho var i 1960, då handelsverksemda flytta opp til hovudvegen. Handelsbu, smie og ei sjøbu står det her idag; den karakteristiske vindearka fortel om kva bygningar som var nytta til lager og handel. Handelsstaden er open for gjestar i sommarhalvåret.