• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Båtstamn funne i myr på Dalland, Tysnes

Under vegarbeid på Dalland i 1948 vart det i ei myr funne trerestar med utskjeringar på. Mesteparten vart kasta, men eit stykke vart innsendt til Bergen Museum. Det synte seg å vera ein båtstamn av eik, der enden var forma som eit dyrehovud med innrita kjeft og tenner.

Funnet vart omtala i avisene, og nokre dagar etter kom det inn eit tilsvarande funn, også dette frå Tysnes. Det var ein eikestamn, funnen ti år tidlegare, meterdjupt i ei myr på Midtvåge. Enden er eit tydeleg utskore dyrehovud med gapande kjeft og kvasse tenner. Etter stilen å dømma kan utskjeringane vera frå vikingtida eller tidleg mellomalder.

Stamnane har etter alt å døma vorte lagde i myra før dei var gjorde ferdige. Om dette er uttrykk for ofring eller om det kan ha meir praktiske årsaker, er ikkje godt å seia. Vi veit at båtbyggjarar i eldre tid ofte la emnestykke i vatn eller myr for å halda veden frisk. Det er mogleg at det er slike tusen år gamle emnestykke som kom for dagen i myrane på Dalland og Midtvåge.