• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Østersdyrkar Alf-Roald Sætre i Espevikpollen

Østersdyrkar Alf-Roald Sætre i Espevikpollen med ein kasse full av østers.Alt frå mellomalderen var østers rekna som luksusmat for rike nordmenn. Ei norsk bylov frå 1276 gir dette påbodet i eit kapittel om fiskehandel: «Fersk laks og annan fersk fisk og østers skal kjøpast på båtane eller på bryggjene og ikkje i buer.» (Foto: Ørjan Deisz)

ØSTERSPOLLAR

Den nordeuropeiske østersen har vore populær mat gjennom tusenvis av år, og mange land, særleg Frankrike, England og Holland, har lange tradisjonar i dyrking av skaldyret. I Norden er det først og fremst i Limfjorden på Jylland ein har avla østers i stor skala.

I Noreg fekk Selskabet for de Norske Fiskeriers Fremme i gang oppdrett av østers fleire stader på norskekysten i slutten av 1920-åra. For mange vart dette etter kvart ei lønsam attåtnæring. I Hordaland har det i førre hundreåret vore oppdrett av østers i pollar på Tysnes (Espevikpollen og Seløya), vidare i Os, Fana (Kviturdspollen) og Lindås, og på Bømlo. Anlegga i Tysnes var først ute, alt på slutten av 1800-talet var det drift her. Espevikpollen i Tysnes og Agapollen på Bømlo er dei siste anlegga som har levert østers. Det meste av produksjonen fann stad i landbaserte tankanlegg, men morøstersen vart henta frå pollane. Østers frå Hordaland har i nyare tid berre gått til nasjonalt forbruk.

Østers finst naturleg på kysten vår, men var vanlegare før, då sjøtemperaturen var litt høgare. Det største problemet med østersoppdrett er at formeiringa blir hemma dersom temperaturen i vatnet er vesentleg under 18°C. Dei beste tilhaldsstadene for østers og oppvekstforhold for yngelen er derfor i små, skjerma pollar der vasstemperaturen kan bli mykje høgare enn i opne farvatn.

Dei seinaste åra er også stillehavsøstersen i ferd med å etablere seg i Hordaland. Dette er ein framand art frå Amerika som er uønskt i norsk natur, men spreiinga er mest uråd å stanse. Kva dette betyr for vår heimlege østers eller andre artar er enno ikkje kjent.

Ein typisk østerspoll er frå femti til nokre hundre meter brei og har ei trong og grunn opning. Aller best er det når det renn ein sildrebekk ut i ein slik poll, stor nok til at det øvste vassjiktet har lågare saltinnhald enn vatnet mot botnen. Ferskvatnet blandar seg lite med saltvatnet under og lagar eit stabilt brakkvasslag på toppen. Det skjermar sjøvatnet under frå kontakt med lufta. Om dagen trengjer solstrålinga gjennom brakkvasslaget og varmar opp sjøvatnet under. Ved avkjøling om natta skjer varmetapet berre frå overflata. Såleis fungerer brakkvasslaget som glaset i eit drivhus. Sjøvatnet under blir godt oppvarma, og temperaturen her kan bli over 30°C.