• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Tunet på Færavåg, Tysnes

I tunet på Færavåg ligg stova frå 1599 til høgre på biletet, bygd saman med løa. Midt i rekkja ligg stabburet og til venstre ei stove samanbygd med eldhus og skytje (Svein Nord).

DET GAMLE REKKJETUNET

Storstova i Færavåg vart bygd i 1599. Segna fortel at ein tyskar kom til Færavåg og bygde stova. Han delte jorda mellom dei to sønene sine. Dei delte i neste omgang mellom sine to søner, slik at det i alt vart fire like store bruk på garden. Og alle huslydane budde i same huset, heitte det. Dei heldt til i kvar si krå, og kring åren midt på golvet.

Bortsett frå opplysninga om tyskaren er segna nær sanninga når det gjeld bruksdelingsprosessen i Færavåg. Kven som bygde storstova er ukjent, men den karen som først hadde heile Færavåg, og sidan delte garden mellom to søner, var Lars Jacobson (f. på 1580-talet), son av lågadelsmannen Jacob Slee i Uggdal.

Ættlingane til Lars Færavåg åtte alle dei fire bruka i Færavåg like fram til kring 1810. Då kjøpte ein mann frå Kvam det eine bruket. Han må ha løyst ut medeigarane til den gamle storstova i Færavåg, flytta henne om lag 100 meter mot sørvest frå gamletunet der ho no står, og korta stova ein del inn. Attåt stovehuset i nord vart det sett opp ein løebygning. Rekkjetunet i Færavåg fekk altså si form tidleg på 1800-talet, men det representerer utan tvil ein eldre byggjeskikk. I tunet står det også ei mindre stove bygd i hop med eldhus og skytje, og eit stabbur.

  • Naust og sjøhus, Færavåg i Tysnes

Nausta og sjøhusa i Færavåg viser at fisket har vore viktig i gardshushaldet (Svein Nord).