• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Blodigle (Jan Rabben)

BLODSUGARAR

Kring 1850 vart det nytta mange millionar blodigler årleg til medisinsk bruk i Europa. Ein meinte at årelating hadde gunstig verknad på sjuke folk, ved å tappa dei for «ureint» blod. Denne gamle bruken av blodigler heldt seg òg her i landet, heilt fram til 1920-åra. Framleis blir blodigler nytta på norske sjukehus – årleg importerer Norsk Medisinaldepot nokre hundre blodigler frå England. Mellom anna kan dei suga ut blodsamlingar i samband med knusingsskadar.

Blodigla står i dag på «raudlista», lista over truga dyreartar i Noreg, men finst framleis mange stader i Hordaland. Omkring Flakkavågen er det mange små tjørner, der det framleis finst blodigler. Det er òg rapportert om igletjørner på Bømlo, Stord, Kvinnherad, Sveio og Osterøy. På Stord skal mange tidlegare kjende førekomstar i dag ha gått tapt, kan henda på grunn av redusert beiting i utmarka. Blodiglene må ha tilgang på blod for å overleva, og dette får dei gjerne frå beitedyr.