• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Tre av øyane i naturreservatet: Litla Vesøya, Stora Vesøya og Lyngøy

Tre av øyane i naturreservatet: Litla Vesøya (nærast kamera), Stora Vesøya og Lyngøy (bakarst). Lyngøya har dei største bestandane av sildemåse og gråmåse. (Helge Sunde)

EIT SJØFUGLOMRÅDE I ENDRING

Det rikaste sjøfuglområdet i Bjørnafjorden er Fluøyane, ei samling små og mellomstore holmar like aust for innseglinga til Våge. Her er mange ulike hekkefuglar, men det er fare for at tilgroing vil hindra hekking i framtida. På ei av øyane har miljøvernstyresmaktene freista å hjelpa fuglane.

Den grove lyngheia som spreier seg, eignar seg ikkje for hekking. Mindre sauebeiting enn før gjer at plantene veks seg store. Og når fuglane først ikkje brukar hekkeplassane, blir tilgroinga endå sterkare. Ikkje berre på Fluøyane, men òg på andre sjøfuglområde langs kysten er dette eit problem.

Sidan øyane er sjøfuglreservat, har miljøvernstyresmaktene eit ansvar for at det er leveleg for fuglane. Delar av Lyngøya, der sildemåse og gråmåse tidlegare hekka i store tal, vart avsvidde i 1990-åra. Dermed skulle yngre lyng få høve til å veksa opp og erstatta den grove lyngheia. Tiltaket fungerte, men det er trong for vidareføring. Det er også lagt planar om å fjerne mykje skog på naboøyane for å sikre sjøfuglane betre.

I dag hekkar det mellom 100 og 150 par sildemåsar på desse øyane, i tillegg til over 200 par gråmåse, ein del svartbak og fiskemåse. Ternene er meir ustabile. Grågåsbestanden er i vekst her som elles i fylket. Sidan 1985 har ein god del måsar og terner vore ringmerkte, og slike fuglar er funne mellom anna på Kontinentet og langt sør i Afrika.

På 1970-talet var Bjørnafjorden kjend som ein god hekkestad for tjuvjo – ein måsefugl som er mest kjend for å rana til seg bytte frå andre fuglar. Tjuvjoen er no heilt borte. I dag hekkar arten berre unntaksvis i Hordaland, då heilt nord i fylket i Fedje og Austrheim. Tjuvjoen er avhengig av livskraftige bestandar av terner og fiskemåsar. Når desse artane sviktar, noko dei har gjort på heile Vestlandet i fleire tiår, er livsgrunnlaget borte for tjuvjoen.

  • Tjuvjo – i dag sjeldsynt i Bjørnafjorden

Tjuvjo – i dag sjeldsynt i Bjørnafjorden. (Ingvar Grastveit)

  • Byrkjeland, S. 1999. Status for hekkande sjøfugl i Hordaland 1980–1998. Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 2/1999:1–107.