• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Handelsstaden i Godøysund på slutten av 1800-talet

Handelsstaden i Godøysund på slutten av 1800-talet. «Godøysund Hotel», som vart eitt av dei fasjonable fjordhotella tidleg på 1900-talet (Knud Knudsen, eigar Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen (KK 9255, 16x22)).

Dei gamle gjestgjevarstadene låg strategisk plasserte med god hamn og ankringstilhøve der reisande folk ferdast. Godøysund, eller Gøysundet som dei sa, låg midt i Tysnes sokn, med lett tilkomst sjøvegen, også for den lokale allmugen. Gøysundet er mellom dei eldste gjestgjevarstadene i Sunnhordland.

Den eldste soga frå Godøysund er ukjend, før staden får ei oppbløming i samband med skottehandelen på 15- og 16-hundretalet. Namnet dukkar første gang opp i kjeldene som lasteplass for skotteskipa, tidleg på 1600-talet. «Gøysundet» var etter kvart herberge for reisande folk, det var handelsstad (kremmarleie), det var skyss-skifte og frå 1750 var det tingstad for Opdal skipreide i over hundre år. Gjestgjevarane hadde elles ein liten bygselplass, og dei fiska med større og betre reiskap enn allmugen elles. Så dreiv dei jamt med oppkjøp og salting av sild og fisk.

Godt ut på 1800-talet kom det ein ny fase i Godøysund si soge. Staden vart rusta opp til landhandel med postkontor og dampskipsstoppestad. Dei siste skotteskipa kan ha vitja Godøysundet så seint som i byrjinga av 1800-åra.

Så kom skiftet til det moderne «Godøsund» ut på 1880-talet, då bergensaren Gullaksen bygde opp «Godøsund Hotel». Dette innleier turismen i Tysnes. Dei første gjestene var utlendingar, helst engelskmenn. Litt ut på 1900-talet vart Godøsund oppdaga av det bergenske borgarskapet.

I 1960-åra vart landhandel og postopneri nedlagde, dampskipsstoppestaden fall vekk, og i dag er berre hotellet som ikkje er i drift tilbake.

  • På kaien i Godøysund, ca. 1900

På kaien i Godøysund kring 1900. Den gamle sjøbua står framleis (Knud Knudsen, "Parti fra Godøsund i Tysnæsøen", eigar Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen (KK 804, 13x18)).

  • Godøysund, Tysnes

Godøysund er ei god hamn (Svein Nord).

  • Fett, P. (1951) Drakehovud. I: Små godbiter fra samlingene, 2 (2). Bergen, Universitetet i Bergen