• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Landhandelen i Neshamn, Tysnes kring 1910

Landhandelen i Neshamn, Tysnes kring 1910 (ukjent. Postkort, utlånt av Odd N. Faafeng, Bergen.)

Neshamn må vera eldgammal som møteplass og losjistad for reisande. Staden blømde opp i samband med framgangstidene på 1500-talet, som i dette distriktet mykje var knytt til skottehandelen. Neshamn var lasteplass for skotteskip i to hundre år, fram til midten av 1700-talet.

Gjestgjevarstadene var offentleg godkjende losjihus for reisande, med bevilling eller «privilegiebrev». Den siste privilegerte gjestgjevaren i Neshamn døydde i 1861, og med losjiverksemda vart det slutt kort tid etter.

Gjestgjevaren handla elles med den lokale allmugen, medan det i namnet var ulovleg å halda kro for andre enn reisande folk. Han dreiv jordbruk, fiske, sjøbruk, salteriverksemd, fiskeoppkjøp og jaktefart.

Delar av hovudhuset som i dag står i Neshamn, kan gå attende til midt på 1700-talet, medan krambua truleg vart bygd først kring 1870.

Frå midten av 1850-talt kom Neshamn først og fremst til å spela ei lokal rolle, med krambu, bakeri, ekspedisjon og postkontor. Men landhandlarane heldt fram med dei gamle «gjestgjevarnæringane» som sjøbruk, salting og jaktefart. I 1973 vart landhandel, post og ekspedisjon avvikla og staden på sitt vis «lagd øyde».

Som ein kuriositet kan nemnast at Storsøyo (under Nordhuglo) midt på 1700-talet fungerte som filial under Neshamn. Staden fanga opp jektefolk som kom gjennom Laukhamarsundet frå Skånevik, Etne og Fjelberg på byreiser.