• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Ein liten, skogkledd holme ved Store Godøy har gjennom mange år vore kalla Solstråleøya. Her veks lind og bøk og bjørk og lerk og douglasgran, og eføyen ligg som eit grønt teppe over skogbotnen, mellom kristtorn og villroser. John Musegrove, truleg ein av dei mange engelske gjestene som vitja Godøsund Hotel i 1880-åra, fekk i 1889 skøyte på dei to små holmane Erleholmen og Olderholmen. Her bygde han eit borgliknande hus, riktig eit eventyrslott å sjå til, med påbygg og utbygg; "en mellomting mellom et drivhus og en teaterkulisse", som kong Olav uttrykte det. Gjennom eit gåvebrev i 1906 vart Noregs kronprins eigar av "Solstraaleøen". Øya var i kongefamilien fram til 1991. Då vart eigedommen skøytt over til Tysnes kommune, for å bli nytta som rekreasjonsområde.