• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Reksteren (Svein Nord)

BRAKKVASSMILJØET PÅ VERNØYA

Om du kjenner ei vond lukt ute i naturen, må du ikkje med ein gong tru at årsaka er kloakken frå hus eller hytter. Grunnen kan òg vera ein heilt naturleg prosess som skjer ved nedbryting av planterestar under spesielle forhold. Når det er lite oksygen til stades, kan det bli danna hydrogensulfid. Det er ein gass som stig opp av jorda og luktar som rotne egg.

Vernøya er knytt til den nordaustlege delen av Reksteren med bru. Langs vegen, eit par hundre meter sør for Enes, ligg eit særmerkt område som knapt har sin make på heile Vestlandet. Her skjer den kileforma bukta Straumen seg inn på øya og vidar seg ut til eit basseng som i dag er nesten heilt tilgrodd av sumpplanter og planterestar. Tidlegare var dette bassenget ei bukt av fjorden, men landhevinga har gjort at saltvatn no berre kjem inn ved springflod. Det salte fjordvatnet blir filtrert gjennom torva som har bygd seg opp gjennom lang tid. Dette gjer at ein kan finna veksestader både for brakkvass- og ferskvassplanter i Straumen.

Jamvel om bassenget er grodd att, har det framleis eit jamt høgt vassnivå. Den største bestanden av havsivaks på Vestlandet veks her. Planta dannar eit samanhengande teppe over det meste av sumpen. Pollsivaks finst spreidde i kanten. Begge høyrer heime i brakvassmiljø. I dei små, opne vasslommene som er att, finst det klasar av småhavgras.

Attgroinga i Straumen viser ei utvikling der naturen sin eigen dynamikk er drivkrafta. Vegetasjonen som først etablerte seg rundt kanten av bassenget, voks innover tjørna og danna etter kvart breie belte. Når plantene visna om hausten, vart dei brotne ned under stort forbruk av oksygen. I periodar vart det underskot på oksygen i botnvatnet, og det bygde seg opp lag av delvis nedbrotne planterestar. Dermed vart vassvolumet mindre og vasstemperaturen høgare,og planteproduksjonen auka. Det gjorde at endå større mengder plantemasse måtte brytast ned, og derfor bygde det seg opp store lag av daude planterestar på botnen.

  • Andersen, T. B.; Jansen, Ø. J.1987.The Sunnhordland Batholith, W. Norway: regional setting and internal structure,with emphasis on the granitoid plutons. Norsk Geologisk Tidsskrift 67:159–183
  • Lundberg, A. 1992. Havstrand i Hordaland. Regionale trekk og verneverdiar. DN-rapport 2.