• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Tysnes viste seg å vera ein kommune med mange stader der flaggermusa hadde tilhald

Tysnes viste seg å vera ein kommune med mange stader der flaggermusa hadde tilhald då det vart gjort ei fylkesomfattande undersøking av dyregruppa ved tusenårsskiftet. I alt fem flaggermusartar vart påviste. Ei av flaggermusholene ligg ved Vevatnet, her mot nord. (Svein Nord)

I tusen, kanskje to tusen år var Tysnes eit religiøst senter på Vestlandet, og Vevatnet var det heilage vatnet. Det var her kleda og vogna til gudinna Nerthus skal ha vorte vaska. Etter badet, heiter det, vart trælane som hadde utført arbeidet, kasta i vatnet og drukna. Slik fekk Nerthus sitt offer. Gudekulten er for lengst over. No er det flaggermysene som har funne bustad ved vatnet mellom dei mørke åssidene.

Flaggermysene ved dette vatnet held til i ei vanskeleg tilgjengeleg hole og kjem ut på seinkvelden i mai/august for å fanga insekt. Ei god flaggermushole skal vera mørk og frostfri, men lufta må ikkje vera for tørr. Då kan dyra tørka inn, i alle fall dersom dei nyttar hola til vinterdvalen.

Vi kjenner ikkje mange slike flaggermusholer i Hordaland. Hos oss er det meir vanleg at flaggermusa søkjer inn i hus – oppunder takskjegget, under takstein, på loft eller i vedstablar.

Framleis veit zoologar lite om denne dyregruppa.Førebels er det registrert 11 artar her i landet. Ei flygande flaggermus er mest uråd å artsbestemma, med mindre ein nyttar ein ultralyddetektor, som omformar dei høgfrekvente lydane deira til signal som menneska kan høyra.

  • Norsk Zoologisk Forening 1996. Flaggermus i Norge. Informasjonsbrosjyre.