• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Det Midthordlanske Dampskibsselskab (MDS) vart skipa i 1890 og tok opp konkurransen med Interessentselskabet Bjørnen. Etter tre år gjekk Bjørneselskapet inn i Midthordlandske. I 1962 gjekk MDS inn i Hardanger Sunnhordlanske D/S.

Etter at fleire personar og selskap hadde drive rutetrafikk til Sotra og Øygarden med vekslande hell, vart Hjelme og Herlø Dampskips selskab skipa i 1911. Selskapet skifta i 1944 namn til Øygardsbåtane L/L. I 1959 gjekk Øygardsbåtane og Sotra Billag saman til Øygarden og Sotra Rutelag A/S.

I 1891 vart Seimstrandens Dampskipsselskab skipa med det viktigaste føremålet å få jordbruksvarer, særleg mjølk, snøggast mogeleg til Bergen. Selskapet utvida ruteområdet og skifta i 1895 namn til Alversund og Manger Dampskibsselskab (AMDS), frå 1920 Dampbåtlag. Alversund og Meland eimbåtlag vart skipa i 1927 som eit konkurrerande selskap, men måtte gå inn i AMDS i 1943. I 1951 gjekk AMDL saman med Lindaas-Masfjordens D/S til Bergen- Nordhordland Trafikklag (BNT).

Osterøens Dampskipsselskab og Ole Bull Dampskipsselskab gjekk i 1891 saman til Indre Nordhordland Dampskibsselskap, seinare kalla Indre Nordhordland Dampbåtlag (INDL). INDL trafikkerte Askøy austside fram til rundt århundreskiftet. I 1974 gjekk selskapet saman med Bergen Nordhordland Trafikklag (BNT) til Bergen Nordhordland Rutelag (BNR).

Askøy låg i leia for rutebåttrafikken både sørover, vestover, nordover og austover. Konkurransen selskapa mellom var hard. D/S Sør-Askøy vart skipa i 1924 og tok opp konkurransen med D/S Topdal. Usemje om kven av dei to selskapa som hadde rett til å trafikkera Kleppestø, førte til rettsak som gjekk like til Høgsterett. Sør-Askøy vann og skifta i 1950 namn til Askøy-Bergen.

Misnøye med Det Ytre Nordhordlanske D/S, på folkemunne kalla Collettselskapet etter distriktslækjar Collett, la grunnlaget for skiping av Lindås-Masfjordens Dampskipsselskab i 1880. Selskapet konkurrerte i mange år med Alversund og Manger D/L. Dei to selskapa hadde sine tilhengjarar i same bygda, m.a. trafikkerte dei kvar sin kai på Hundvin i Lindås i om lag tretti år. I 1951 gjekk LMDS saman med Alversund og Manger Dampbåtlag til Bergen Nordhordland Trafikklag (BNT).

I Hardanger konkurrerte fleire selskap med kvarandre til Hardanger Sunnhordlandske D/S vart skipa i 1880. Selskapet møtte sterk konkurranse i periodar framover både frå dampskip og motorbåtar. I 1929 vart «Lønningdal I» sett i konkurranserute på Odda og i 1932 «Lønningdal II». Engel Lønningdal heldt det gåande til 1951, då HSD overtok.