• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Bolstadøyri kring 1900

Bolstadøyri kring 1900 (Knud Knudsen, eigar: Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen (KK 960 (21x27))).

Tettstaden på Bolstadøyri fekk si form kring midten av 1800-talet, men her har det frå gammalt av vore ein møtestad; tingstad og handelsstad. Gjestgjevarstaden går attende til andre halvdel av 1600-talet, og i førre hundreår var Bolstadøyri ein av dei største landhandlarstadene i Nordhordland.

Gjestgjevarbygningen på Bolstadøyri i dag er frå 1830-åra, eit symmetrisk empirehus med valmtak. Den eldste delen skal vera frå 1663. På slutten av 1600-talet slo Nils P. Hjermand seg ned her som gjestgjevar. Han var borgar i Bergen, men hadde ikkje kongeleg bevilling. I 1702 fekk Henrik Weinwick bevilling til å driva som gjestgjevar både på Vossevangen og på Bolstadøyri. Den gamle tingstova ligg like ved gjestgjevarbygningen.

Både vesser og vassvøringar møttest på Øyri når dei skulle på byferd. Tradisjonen fortel at dei skipa «bylag» eller «båtlag» og leigde seg ei ostraskute eller vossaskute. Denne lasta dei med smør og ost og andre varer. Med lagleg vêr kunne eit slikt bylag ro til Bergen på 2-3 dagar; i motvind kunne framreisa ta ei heil veke.

Ved fjorden på Bolstadøyri ligg framleis den gamle postbryggja. Det er planar om å byggja opp att eit sjøhus som stod like ved, for å nya opp att tradisjonen med sjøferdsla til og frå vossebygdene.

  • Gjestgjevarbygningen

Gjestgjevarbygningen (Svein Nord).

  • Storestigen

Postvegen til Christiania

  • Frå Bolstadøyri, ein gong sjøvegen, i dag togvegen og bilvegen.

Sjøvegen frå Vossebygdene