• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Bømoen mot nord

Bømoen mot nord. (Svein Nord)

BØMOEN – STØRSTE SANDUREN I HORDALAND

Dei fleste flate sand- og grusslettene i Hordaland er avsette som delta ut i fjorden på slutten av istida. Bømoen har ei anna skapingssoge, ettersom fjorden ikkje nådde ovanfor Palmafossen etter istida. Lenger oppe enda breen på land, og då han smelta, trekte fronten seg oppetter dalen. Bresmeltinga for 11 000 år sidan førte til enorme smeltevasselvar, mykje større enn katastrofeflaumar i våre dagar. Smeltevatnet under breen grov i morenemassane og transporterte sand og grus fram til breporten, der dei vart avsette utover ei stor slette, ein sandur (frå islandsk) på fagspråket. Slik vart Bømoen til.

Isolerte klumpar av isbreen, som låg att då breen smelta tilbake, vart overgrytte av sand og grus. Slike attergløymer vart liggjande lenge før dei smelta. Den største isklumpen låg mellom der minnestøtta og flystripa no ligg. Då han smelta, vart det danna ei grop. Gropa når ned under grunnvasspegelen, og det ligg no ei daudistjørn eller eit såkalla grytehol, Ostjørni, i restane av gropa.

Brefronten vart ståande ei tid ved innsnevringa i dalen, nord for Bjørke, der det òg vart grave ut nokre fine jettegryter. Dei er å sjå i Raundalselvi, like ved skytebanen. I skråninga opp mot jernbanen er det ein lang sand- og grusrygg. Dette er ein eskerrygg eller rullesteinsås. Ryggen vart avsett i ein smeltevasstunnel under isen. Grusryggene som dannar Leikeshovden og Tunshovden, er òg rullesteinsåsar danna i tunnelar under breen før han smelta attende.

I dei store grustaka på Bjørke kan dei avsette massane studerast. Laga er nokolunde flate, men dei vekslar mykje i kornstorleik, og dette fortel om varierande vassføring.

  • Kart over lausmassar og isdanna former på Bømoen

Kart over lausmassar og isdanna former på Bømoen. (Per Mæland/Inge Aarseth/Eva Bjørseth)

  • Jettegryter i gjelet ned mot Bjørkemoen

Jettegryter i gjelet ned mot Bjørkemoen. (Svein Nord)