• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Brekkhus
Brekkhus (Svein Nord).

BREKKHUS I TEIGDALEN - EIT HANDVERKARMILJØ

Øvst i den tronge, ti kilometer lange Teigdalen frå Evangervatnet, ligg gardane Århus og Brekkhus. På Brekkhus vaks det frå tida 1830 fram eit heilt handverkarmiljø. Mest vidgjeten er rokkedreiarverksemda her, og vide kringom i landet har det vorte spunne mykje på rokkar frå Brekkhus. Etter 1880-åra byrja mennene her også å laga leiketøy i tre, gyngestolar, sagmenn o.a., og dei vart selde i butikkar i Bergen og Oslo og vidare. På det meste arbeidde åtte mann i verkstaden på Brekkhus; arbeidet heldt fram til 1950-åra. Gulleik Brekkhus vaks opp her, den kjende treskjeraren som har forma «Ridande Vossabrudlaup» (Voss folkemuseum).