• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Byrkjehaugen, Voss

På garden Bø, tett ved riksvegen mellom Bulken og Voss ligg Byrkjehaugen, ein av dei største gravhaugane på Vestlandet. Opphavleg har han vore nær 50 m i tverrmål og 5 m høg, men etter utgraving i 1908 og avskaving både ved jernbane- og vegbygging, har tverrmålet minka til 37 meter og høgda til 4. Likevel er det eit staseleg gravminne den vegfarande her har for augo.

I haugen fanst tre graver frå folkevandringstida. Øvst låg ei steinkiste der ein mann var gravlagd. Han låg på ein bjørneskinnsfell. Under kista fanst eit brannlag med restar frå eit likbål. Den brende var ei kvinne. Ho har vore kledd i sin beste stas og sveipt i bjørneskinn før ho vart brend. På botnen av haugen fanst endå ei kvinnegrav. Her var delar av skjelettet bevart, og ein fann restar av skinn, teppe og klede.

Det er liten tidsskilnad mellom den første og den siste grava. I alle tre fanst leirkrukker, så like i form og dekor at vi må tru dei har tilhøyrt same familien. Og slik er også funnet frå Byrkjehaugen tolka – som ei familiegrav for husfolket på Bø i siste halvdel av 500-talet.

Det veldige gravminnet vitnar om velstand og makt langt utover det vanlege. Og namnet Bø syner at vi her har føre oss ein av dei eldste gardane på Voss. Opphavet ligg langt attende i tida, truleg ei god stund før Kristi fødsel.