• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Fadnesskaret

EDELLAUVSKOGEN I FADNESSKARET

Like nord for den nedste brua i Teigdalen ligg Fadnesskaret. Dalsida ligg utsett til for kald luft som kjem ned dalen – faren for tidleg nattefrost om hausten er derfor stor. Når dalsidene i tillegg ikkje vender rett mot sør, takkar mange av dei mest varmekjære edellauvtrea nei. Rett nok finst einskilde store tre av lind, alm og ask som har funne fotfeste i den bratte lia. Men først og fremst er det gråora som får rå grunnen – eit tre som er svært utbreitt i Teigdalen, saman med hassel og hegg.

I skogen veks hardføre artar, som kvitsoleie og strutsveng, medan ramslauk og ei rekkje andre planter typiske for kysten vantar. Avstanden til kyst og fjord gir såleis denne edellauvskogen eit innlandspreg.

  • Moe, B. 1995. Vernet edelløvskog i Hordaland; tilstand, fastruteanalyser, floraoversikt og skjøtselsbehov 20 år etter registreringene. MVA-rapport 5/1995.