• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Finnesloftet teikna av Peter A. Blix i 1888

Finnesloftet teikna av Peter A. Blix i 1888

FINNE OG FINNESLOFTET

Peter Bonde, som sat med Finne mot slutten av 1200-talet, hadde ein springande hjort i skjoldmerket sitt. Denne hjorten er grunnlaget for utforminga av heradsmerket til Voss. Peter Bonde og etterfølgjarane hans fekk hand om mange gardar og gardpartar; det såkalla Finnegodset vart eitt av dei største jordegodsa i landet.

Finnesloftet må vera frå tida før svartedauden, kanskje frå 1200-talet. Det har vore ein ruvande bygning. Byggjemåten er uvanleg. Første høgda er to jamstore lafta buer med ein smal gang mellom, og på desse buene kviler andre høgda, som er stavbygd. I dette loftet er det ein stor sal fremst, og eit mindre rom bak mot den øvre gavlen. Mykje tyder på at buene har vore matlager, og at det store rommet i andre høgda har vore festsal, kanskje brukt av Mikaelsgildet på Voss i mellomalderen.

Mot slutten av 1800-talet var Finnesloftet mykje til nedfalls. Fortidsminneforeningen kjøpte loftet i 1891 og fekk det restaurert; eitt av dei mest sjeldsynte trehus i Noreg – og i Europa – frå mellomalderen.

  • Detalj frå Finnesloftet

Detalj som ber bod om godt handverk (Svein Nord).

  • Berg, A. (1949) Finnesloftet på Voss: til gjestebod eller gilde?. I: Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, Årbok. Oslo, Foreningen, s. 3-34.
  • Berg, A. (1969) Bu frå Ullestad på Voss. I: Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, Årbok. Oslo, Foreningen, s. 178-181.
  • Berg, A. (1969) Finnesloftet på Voss. I: Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, Årbok. Oslo, Foreningen, s. 170-173.