• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Helleristningen «løpande hund», Gjøstein, Voss

Helleristningen «løpande hund» (Egil Korsnes)

Følgjer vi den gamle postvegen 100 meter nedetter frå tunet på Gjøstein, kjem vi til ei veldig steinblokk som heiter Ringsteinen. Eit lite stykke vidare mot nord går vegen mellom to steinar, Porten. Endå nokre meter vidare ligg ein tredje stein, Klipe. På alle desse tre finst helleristningar: ringfigurar og eit band med spiralornament – «løpande hund», som han vert kalla (biletet). Alderen på desse ristningane er uviss, dei kan gå heilt attende til bronsealderen.