• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Lydvaloftet

LYDVALOFTET

Garden Lydvo ligg i Gullfjordungen, vestanfor folkehøgskulen på Seim. Gardsnamnet er eit gammalt vinnamn, nemnt i eit diplom frå omkring år 1300. På 1400-talet budde den kjende bonden Orm Ivarsson, gift med Gyrid Bårdsdotter frå Torsnes, her.

I nyare tid har garden vore delt i tre bruk, med kvar sitt loft. Det som no vert kalla Lydvaloftet, høyrde til på bruk nr. 1, Oppigarden. Loftet vart granska i 1860-åra og seinare, og i 1909 kjøpte Fortidsminneforeningen loftet og flytte det ut or det gamle tunet.

Lydvaloftet er tømra i to fulle høgder, truleg frå før 1350. Opphavleg har dei øvste tømmerstokkane i første høgda vore lengre, og bore ein svalgang som gjekk rundt loftet i andre høgda. Loftet vart seinare ombygt. Det er kanskje mest kjent for ei pryddør i andre høgda, med figurmålingar på beitskiene og treskurd på veggstokkane attmed døropninga.

  • Portalen på Lydvaloftet

Detalj frå portalen på Lydvaloftet (Jens Bull, 1912, eigar: Riksantikvaren (ark nr. O 280)).

  • Berg, A. (1954) Lydvaloftet på Voss i skiftande utforming. I: Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, Årbok. Oslo, Foreningen, s. 19-46.
  • Berg, A. (1969) Lydvaloftet på Voss. I: Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, Årbok. Oslo, Foreningen, s. 174-177.