• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Mølstertunet i mellomkrigstida

Mølstertunet i mellomkrigstida (Sanns. Christian Hermann Neupert. Ark nr. B 280, R.A.)

«Over den gamle Vossevangen ligger Mølster gamle ættegaard. Den ligger paa et høidedrag som en ættegaard skal ligge. Det er som tilfældet har villet gjøre noget ut av denne gaard med den herlige beliggenhet. For det maa vel sies at være et tilfælde, at netop denne gaard helt til vore dage har bevaret sit gamle præg. At komme op til Mølster er som at gaa ned i fortiden, at møte med forfædrene. Stuer og loft, stabbur og badstue, fjøs og stald, det staar der med hele sit eventyrlige præg, som kom vi ind paa et gammelt kongstun. Ikke fra sagatiden, men fra en mere stilfærdig tid, fra den tid da landet rolig og dæmpet atter samlet sig til kræfter. Og Mølster ligger som en mindernes gaard fra denne tid». Slik skildra riksantikvar Harry Fett det gamle tunet på Mølster då det vart opna som museum i 1928.

Dei to bruka høyrde til Botolv Mølster og Arnfinn Ringheim i 1917, då museet overtok det gamle fellestunet. Bygningane formar eit firkanttun, og stovehusa ligg i rekkje, samanhengjande for kvart bruk. Eldhuset på bruket til Botolv er truleg frå 1500-talet; ei gammal årestove, bygd saman med ei yngre stove frå 1800-talet. Mange spor i tradisjonen talar for at det har stått ei eldre stove på same tuft tidlegare. Attåt eldhuset ligg ei lita bu. Dette trekket med innhusa på rekkje – eldhus, stove og bu – finn vi i mange eldre vossatun. Truleg er dette ein mellomaldertradisjon. Fremst i tunet, ut mot Vangen, ligg loft og stabbur, og mot aust ligg løe og flor. Frå tunet på oppsida førte ei steinmurt geil som leidde buskapen ut på beite; eit anlegg som fører oss bakover til forhistorisk tid.

  • Mølstertunet

Mølstertunet (Svein Nord).

  • Stovehuset, Mølster

Snitt av stovehuset, 1911 (Gerhard Fischer).

  • Årestova, Mølster

Interiør frå årestova (Egil Korsnes).

  • Museumsbygget på Voss folkemuseum, Mølster

Voss Folkemuseum

  • Fischer, G. (1911) Mølster gaard, Voss. I: Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, Årbok. Oslo, Foreningen, s. 109-118.
  • Helleve, A. T. (1992) Voss Folkemuseum 75 år. I: Gamalt frå Voss. Voss, Voss bygdeboknemnd, Voss sogelag, Voss folkemuseum, s. 9-52.