• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Arbeid med takheller i skiferbrotet på Nordheim kring 1900

Arbeid med takheller i skiferbrotet på Nordheim kring 1900. (Mimi Jansen)

VOSSASKIFER

«Og her hev desse utømande rikdomane og desse vonene for eit rikt arbeidsliv vidt ikring lege og sove i hundrad tusund år! Heilt til Vossebanen i 1883 kom og vekte dei, umlag som prinsen i eventyret vekte Tornerose.»

Skifer og heller frå Voss pryder hustaka i heimbygda og distriktet ikring. Det har dei gjort i fleire hundreår, også lenge før Vossebanen vart bygd, sjølv om sitatet frå boka om vossaskiferen får det til å høyrast ut som at det heile starta då. Men med jernbanen vart bergensmarknaden opna, og med den etter kvart også verda utanfor. Utlandet har lenge hatt godauga for steinen. Både Sveits, Tyskland og Japan er kjøparar av vossaskifer.

Skiferen blir broten i det såkalla Øvre Bergsdalsdekke. Det opphavlege råstoffet for bergarten var sand med litt leire. Sandsteinen som vart avsett for meir enn 1,3 milliardar år sidan, vart oppvarma, samanpressa og utvalsa under den kaledonske fjellkjededanninga. Ikkje berre vart han riven laus frå grunnfjellet ein stad i vest og frakta austover som skyvedekke, han vart dessutan overkøyrd av milliardar av tonn med anna fjell – fleire skyvedekke – som òg vart pressa austover under kollisjonen med Grønland for meir enn 400 millionar år sidan.

Slike rørsler set spor etter seg: Kvartsminerala, som opphavleg var runde, vart pressa ut til lange korn, medan leirkorna vart omdanna til glimmermineral. Alle dei avlange minerala la seg i same retninga. Det er kombinasjonen av mineralsamansetjinga i sanden og dei seinare rørslene som har gitt den gode hellekvaliteten.

Kvartsskiferen ligg som lag oppå, og dels inni, fyllitten. Isbrear og seinare Strandaelvi har grave seg ned gjennom skiferlaga, slik at kvartsskiferen no ligg oppe i dalsidene. Skiferlaga dannar såleis ei V-form rundt nordenden av Lønavatnet. Brota ligg på rad og rekkje både på Lønahorgsida og, framfor alt, på Nordheim på austsida av dalen, der det er drift i området.

Skiferen varierer i farge og hardleik, og har fått lokale namn av hellebergskarane. Dei harde variantane er tyngst å arbeida med, men gir meir solide heller. Den gode skiferen ligg i lag på nokre meters tjukkleik, skild av såkalla harkastein. Skiferen har ein linje- eller stengelstruktur som heng saman med retninga på rørslene under overskyvningane av skyvedekka. Denne strukturen må koma på langs av takhellene, elles blir dei for veike.

  • Kart over geologi og skiferbrot kring Lønavatnet.

Kart over geologi og skiferbrot kring Lønavatnet. (NGU/Haakon Fossen)

  • Helleve, Aslak T. 1995. Under helletak. Voss skiferbrudd 1895–1995.