• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Olavskrossen

Olavskrossen står på Prestegarden omlag 250 m søraust for Vangskyrkja. Det gamle namnet som var i bruk heilt til tida etter 1950, er Steinkrossen.

Heimskringla fortel at det var her Olav Haraldsson i 1023 heldt møte med vessene og fekk dei til å ta ved trua. Kongen kom frå Avaldsnes på ferda til Voss dette året. Han må ha fare inn Hardangerfjorden med båt til Folkedal og så ha gått opp derifrå med følgjet sitt om stølen Krossaset og vidare den gamle ferdslevegen om Bordalen og til Vangen. På garden Himle på Bordalen finst ein kross som kan ha vore reist til minne om denne ferda. Også på garden Lirhus, mellom Lundarvatnet og Melsvatnet, stod det heilt til 1900-talet ein steinkross. På Krossaset i Bordalsallmenningane er det i nyare tid reist ein steinkross til minne om Olav Haraldssons kristningsverk.