• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Oppheim gamle prestegard

Oppheim gamle prestegard. Bilete frå 1990. (Svein Nord)

I bakkehallet ovanfor Oppheim kyrkje ligg den gamle prestegarden på Oppheim. Ruslar du opp vegen frå kyrkja, kjem du opp i eit tun med spor etter mellomalderens byggjemåte og bustadform.

Innhusa på Oppheim ligg i ei lang, samanhengjande rekkje; skykkje, eldhus, stove og bu med loft. Mellom eldhuset og stova er det ein gang, og langs framsida har det vore ein delvis open svalgang. Den funksjonsdelte forma vi møter i dette anlegget, samsvarar nokså nøye med andre samanbygde langhus ute mot kysten, i lyngheilandskapet. Høgst sannsynleg er det mellomalderens byggjeskikk som stig fram for oss her.

  • Oppheim gamle prestegard

Oppheim gamle prestegard (Nils Georg Brekke).

  • Interiør frå røykstove på Gjukastein

Livet i røykestovene