• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Raundalen

DEN STØRSTE VOSSINGEN

For nokre tusen år sidan – då klimaet var varmare enn i dag – var det truleg mykje elg i Hordaland. Det fortel beinfunn frå steinalderbuplassar. I nyare tid har elgen vore mest heilt fråverande frå Vestlandet, inntil skogens konge byrja å venda attende for om lag femti år sidan.

Den nye innvandringshistoria er truleg eit resultat av sterkt aukande bestand i Hallingdalen og andre dalføre på det indre Austlandet. Etter at det på 1940–50-talet vart rapportert om streifdyr vest på Hardangervidda, har elgen spreidd seg over stadig større område i Hordaland. Innvandrarane følgjer særleg tre ruter: over Haukeli mot Odda og Åkrafjorden, over sentralvidda til Ullensvang og Eidfjord, og den mest nytta vandreruta: over nordvidda og ned Raundalen via Finse og Gravahalsen.Voss har derfor den største elgbestanden i Hordaland. Vossastamma er no sjølvformeirande, og ikkje lenger avhengig av innvandring. Kor stor ho er, er det vanskeleg å seia, men grupper på opptil sju dyr er observerte. Helst held elgen seg til Raundalen og dei sentrale barskogområda.

Tidleg på 1970-talet var det så mykje elg i kommunen at det vart opna for jakt, men først ni år seinare kom meldinga om det første felte dyret. I dag er det elgjakt i sju kommunar i fylket. Tala for år 2003 viser at det vart felt 42 dyr av kvoten på 88 i Hordaland. Somme år har Voss kommune åleine stått for over halvparten av uttaket i fylket.