• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Rekvesøyane

Sediment som er avsette frå elva Dyrvo, har skapt det vifteforma deltaet Rekvesøyane. Marka lengst ut mot vatnet blir overfløymd i periodar, spesielt i snøsmeltinga og etter mykje nedbør.

Etter at Vangsvatnet vart senka på 1990-talet, kom leire og silt langs strandlinja ytst på deltaet fram i dagen. I den tørrlagde sona har det – berre ti år seinare – vakse fram eit heilt samfunn av ørsmå sumpplanter. Dette er artar som einast kan veksa på naken, finkorna jord, der dei ikkje blir fortrengde av annan vegetasjon. Dei er eittårige og døyr samstundes som dei visnar om hausten. Dermed slepp dei problemet med isskuring, overfløyming, sedimentasjon og erosjon. Før dei visnar, syter dei for å leggja att rikeleg med frø, som neste sommar vil spira på eigna stader i den opne jorda.

I trekktidene rastar gjerne vadefuglar, ender og måsar her. Ofte er dette dei same artane som oppsøkjer gruntvassfjører på kysten for å finna mat. Ved Vangsvatnet treng dei ikkje tilpassa seg tidene for flod og fjøre.

  • Bøyum, T. 1997. Botaniske undersøkingar i Rekvesøyane naturreservat. Tilhøva 1997. Hovedf. oppg. Høgskulen i Telemark.
  • Odland, A. 1991. Botaniske undersøkelser på Rekvesøyane i forbindelse med flomsenkning av Vangsvatnet, Voss. 1. Forholdene 1991. NINA Oppdragsmelding 99.