• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Figurar på Sledasteinen, Voss

Mykje tyder på at figurane på Sledasteinen kan daterast til tida ved overgangen mellom bronsealderen og jernalderen, kring 500 år f.Kr (frå G. Mandt Larsen: «Bergbilder i Hordaland», Bergen-Oslo1972, Pl.63.)

DANSARANE PÅ SLEDASTEINEN

Sledasteinen er ei stor steinblokk som ligg mellom Tverberg og Skjerve. Her forbi gjekk den gamle saltvegen til Raundalen, og folket på Tverberg brukte å setja frå seg sledane sine her. Men denne steinblokka gøymer på større løyndomar enn gamle sledar. Delar av overflata er oversådd av innhogne figurar, mest menneske, men og båtar og ringfigurar. Her er mogleg også eit dyr og nokre tre.

Menneskefigurane er framstilte med utstrekte armar og sprikjande bein. Kva meininga med dette skal vera, veit vi ikkje. Dansar dei? Eller freistar dei jaga einkvan bort? Og steinen gjev ikkje svar. I alle høve – eit merkeleg kulturminne er det.