• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Stalheimskleiva, foto frå 1890-åra

Stalheimskleiva, eit imponerande veganlegg. Foto frå 1890-åra (Knud Knudson, eigar: Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen (KK 8819(13x18))).

Frå dei eldste tider i norsk historie har ei av dei viktigaste ferdsleårene mellom det vestlege og det austlege Noreg gått over Bolstad – Voss – Stalheim – Gudvangen og Lærdal. Postvegen mellom Oslo og Bergen vart lagd her i 1647, men i Stalheimskleiva var det berre kløvveg heilt til 1840-åra. Hjulreiskap og vogner var lite i bruk vestanfjells til den tid.

Regjeringa gjorde i 1840-åra mykje for å betra vegsamband og andre kommunikasjonar mellom landsdelane. For å fremja ei snøggare postføring mellom Oslo og Bergen fekk kaptein Finne i 1842 i oppdrag å stikka ny veg i Stalheimskleiva.

Dette veganlegget kravde mykje fjellsprenging. Alt vart handbora og sprengt med krut. Ei rekkje arbeidslag var med på arbeidet, som drog til seg arbeidsfolk frå mange kantar av landet. Dei høge murane har halde seg uendra til denne dag. Nokre få svingar er utvida, og i staden for jernrekkverket er det ein støypekant, men elles er vegen den same: Knapt 2 km med stigning på 270 m og 14 svingar frå brua og opp til Stalheim. Bendiksvingen og Hatlebrotsvingen har namna sine etter arbeidsformenn.

Arbeidet tok 3 år, og den nye vegen kunne køyrast i 1846. Frå 1936 vart vegen sett i stand for køyring med bil og buss. I 1980 vart vegen avløyst av ny riksveg med to tunnelar, Stalheimstunnelen og Sivletunnelen. Stalheimskleiva er i dag eit freda kulturminne og framleis ein stor attraksjon. Vegen er open for einvegskøyring i sommarsesongen.

  • Postvegen mellom Stalheim og Oppheim er ein fin turveg

Postvegen Stalheim-Vinje

I 1647 vart det skipa ei ordning med fast postgang i Noreg. For å fremja ferdsla sette kongen også i verk ei forordning i 1648 om skyssferd på land og sjø. Nokre av postgardane vart også skyssstasjonar, som Tvinne, Vinje og Stalheim var det på 1800-talet. Mellom Stalheim og Vossevangen er det att restar av den gamle postvegen fleire stader. I god stand er postvegen frå Stalheim, 400 m vest for Stalheim Hotel, vestetter gjennom tuna på Sleen, Tveito, Lunde til Hauge og Rygg ved Oppheimsvatnet. Her vart gjort mykje arbeid på vegen i åra mellom 1780 og 1800, då von Krogh var generalvegmeister. Den vakre steinkvelvingsbrua over Giljarhuselvi er frå den tida. På garden Hauge står tingstova frå 1300-talet. Vegen er ein fin turveg gjennom gammalt kulturlandskap, med fritt utsyn over dalføret og fjellheimen i sør og søraust. Den noverande riksvegtraseen i dalbotnen vart vald ved omlegginga av vegen i 1840-åra.

 

På nordsida av Oppheimsvatnet gjekk postvegen gjennom gardstuna på Løn, 200 m ovanfor noverande veg langs vatnet. Frå Oppheim kyrkje ligg den gamle postvegen i god stand til den gamle kyrkjestaden på øvre Vinje og ned til noverande Vinje sentrum. Mellom Oppheim og Vinje er her ein turveg langs den gamle postvegen på om lag 4 km. Over Sundvålselvi fører ei fin steinkvelvingsbru frå 1780-åra. På Øvre Vinje ligg den gamle kyrkjegarden til Vinje kyrkje, og frå tunet på Øvre Vinje har ein fin utsikt over Holbygdi mot Lønahorgi.