• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Tunet på Staup. Bilete frå kring 1990

Tunet på Staup. Bilete frå kring 1990 (foto: Egil Korsnes, eigar: Voss Folkemuseum).

SMEDANE PÅ STAUP

Garden Staup ligg på ei hylle i lendet ovanfor Løno. Frå E 16 kan ein skimta husa mellom tregreinene. Garden er veglaus, og det gamle tunet og kulturlandskapet kring er mykje godt uskipla. I 1980-åra vart det sett i gang vedlikehaldsarbeid med tanke på vern av husa i tunet.

Smedkunsten stod høgt på Voss i eldre tid. På Staup budde fleire som merkte seg ut som særs dugande smedar. Per Larsson, f. 1760, var ein meister til å laga låsar og beslag til kister. Vossekistene var ofte umåla, smijernsbeslaga vart såleis viktigaste prydnaden på kista. Anders Eiriksson (1822-1891) smidde mykje dørlås til innstemming i dørbladet, men også andre dørlås og kistelås. Broren, Arnfinn Eiriksson (1824-1897) var òg ein uvanleg flink låsesmed. Han gjorde sjølve smiarbeidet så nøye at det vart lite arbeid med å fila låsdelane. Av ein gudbrandsdøl dei kalla «Maskin-Hans» lærte dei to brørne å laga treskjemaskiner som vart drivne av vasshjul, og dei bygde seinare mange slike kring i bygda. På Blikberget, nabobruket til Staup, budde Odd Knutsson (1835-1907); også ein kjend låsesmed.

  • Slaggklump frå jernsmelting

Jernvinna i Vossebygdene

  • Smidd dørlås

Smidd dørlås

Lås i jern (Egil Korsnes, eigar: Voss Folkemuseum).