• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kong Sverre i snestormen på Vossefjeldene, 1870

Knud Bergslien: Kong Sverre i snestormen på Vossefjeldene, 1870

I året 1177 var kong Sverre på veg austanfrå til Bergen, men på Voss vart han møtt av ein bondehær som tvinga han til å gjera vendereis. 

Ei segn fortel at bøndene stengde vegen om Raudkjelda. For å koma forbi bøndene og ut i Raundalen, måtte Sverre og hæren hans fara gjennom Rastalii utanfor Klyve, der dalføret snører seg saman til eit trongt gjel, med skarv og brattheng like i elva. Segna seier så at Sverre laga veg over dei bratte skarva ved å slå jernboltar i berget og leggja stokkar over. Vegen har seinare vorte kalla Sverrestigen. Truleg var der framkomande etter ein gammal ferdsleveg før òg. Det som seinare fekk namnet Sverrestigen kan ha vore den som i eit vegabotbrev frå 1343 er kalla Raundalskleivi, og som bøndene på Klyve og Kvarakvål hadde ansvar for å halda vedlike.

  • Frå Raundalen mot Klyve.

Frå Raundalen mot Klyve. Her fòr kong Sverre og fylgjet beinvegen ned gjelet midt i biletet (Svein Nord).