• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Den mektige ura ved garden Langeland

Den mektige ura ved garden Langeland. (Svein Nord)

TROLLURI

Det er ikkje rart at det knyter seg fleire segner til ei så stor og uvanleg steinur som den vi finn ved Langeland, øvst i Teigdalen. Her skal folk ha vorte bergtekne og ha kome ut att og fortalt korleis huldrefolket hadde det. Her skal òg tjuvpakk i gamle dagar ha gøymt både seg og skattane dei hadde stole.

Nord for Evanger skjer ei nord-sørvend fjellglipe, Teigdalen, seg ned i fjellheimen. Vossadalføret med Vosso i munningen av Teigdalen grev seg mest heilt ned til havnivået, Evangervatnet ligg berre 10 meter over havet. Det har gitt Teigdalselvi kraft til å grava seg nesten like djupt ned. Isbreane under den siste istida gjekk stort sett mot vest, altså tvers over dalen. Derfor er det nok elva som har gjort det meste av gravearbeidet. Dei bratte dalsidene i den djupe V-dalen er òg årsak til store og små fjellskred.

Bergarten i Trolluri er granitt, som òg står i det faste fjellet på vestsida av dalen. På austsida er det derimot glimmerhaldig gneis. Forma på ura peikar òg på at ho har kome frå vest. Ho må ha sett utfor som eitt stort ras, slik som Hellandsura i Modalen.

Skredet ved Langeland har løyst ut stor nok energi til at kjempeblokker på fleire hundre kubikkmeter har halde fram ut over den flate dalbotnen. Skredmassane er 70 meter høge og har eit volum på 2–3 millionar m³. Dei fleste slike store skred gjekk truleg rett etter istida,som tok slutt for knapt 11 000 år sidan. Dei bratte fjellsidene som kom fram då breen forsvann, vart utsette for vatn, vind og frost. Fjellet vart då ustabilt, med fjellskred og steinsprang som følgje.

Trolluri verkar som ei demning for Teigdalselvi, og har tvinga henne over mot den austlege dalsida. På oversida av ura har derfor elva forgreina seg og har danna øyar mellom rolege fiskehølar. På nedsida av ura renn elva attende til vestsida og gir plass til Langelandsgardane, med flate slåttenger på elvesletta langt nedetter dalen. Det skal vera mogleg å ta seg fram inne i sjølve ura. Her går ein som i ein labyrint, utan å sjå dagslys.

  • Kvelvbru i Teigdalen

Ein av dei første køyrevegane som vart bygd i Hordaland, var vegen som bøndene i Teigdalen var med og bygde fram til Evanger, for å få transport for ferskmjølka til Bergen med den nye Vossebanen i 1883. Av nyare dato er køyrevegen over fjellet til Eksingedalen, men sambandet er gammalt. Frå toppen er det eit vakkert utsyn over Teigdalen.

  • Reusch, H. Årbok for 1905. Norges geologiske Undersøgelse 43, Kristiania 1905.