• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Villrein i fjella på vestsida av Vikafjellsvegen, nær fylkesgrensa

Villrein i fjella på vestsida av Vikafjellsvegen, nær fylkesgrensa. (Helge Haukeland)

VILLREIN PÅ VIKAFJELLET

I fjellområda mellom Voss/Vaksdal og Sognefjorden lever den største villreinstamma i Hordaland – utanfor Hardangervidda.

Fjellheimen Villreinområde har meir enn 500 dyr. Stølsheimsreinen har vist seg langt lettare å kontrollera enn villreinen på Hardangervidda. Det tyder på at dyremengda samsvarar nokså godt med næringsgrunnlaget. Dyra er såleis òg i god kondisjon.

Dei ti første tamme reinsdyra vart sette ut i 1930. Vossestrand reinsdyrlag organiserte tilbakevendinga av urdyret i desse fjella. Langt tidlegare, i 1848, måtte den opphavlege villreinen vika for menneska. Oppsitjarane på gardane kravde då at villreinen måtte vekk, ettersom dei meinte han trekte til seg ulv.

Det finst i dag små reinflokkar tre–fire andre stader i Voss kommune, mellom anna i fjella mellom Teigdalen og Eksingedalen og i fjella sør for Voss. Ein av desse flokkane blir forvalta som tamrein, resten som villrein med jaktkvotar og jakttider.