• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Postkort med bilete av Ygre stasjon frå kring 1920

Postkort med bilete av Ygre stasjon frå kring 1920 (eigar: Museet gamle Vossebanen).

Ygre stasjon ligg litt bortgøymd til for vegfarande, like nedom vegen Vossevangen-Mjølfjell. Stasjonsbygningen på Ygre vart reist på Nesttun stasjon i 1879–80. Dei aller fleste stasjonsbygningane på Vossebanen var like. Arkitekten var Balthazar Lange og typen heitte mellomstasjon klasse 4. Stilen er sveitserstil, som moten kravde.

Ygre er den einaste av dei gamle vossebanestasjonane som har takutbygget intakt. Frå dette kunne ferdafolket gå tørrskodde på toget, plattformkanten låg nær takutbygget. I 1904 vart det bygt heilt ny stasjonsbygning på Nesttun (riven i 1981), medan den gamle vart flytta til Ygre. Første tida på Vossebanen hyste ein slik stasjonsbygning alt. Nede var kontor, venterom, godshus og do. Oppå budde stasjonsmeisteren med kone og born.

Den mest opphavlege vossebanestasjonen ligg altså no på Bergensbanen. Uthuset på Ygre er jamgammalt med Bergensbanen. Jernbanearkitekt no var Due. Urdland, stasjonen utom Ygre, er eit fint døme på «Bergensbanestilen». Begge stasjonane er måla på gamlemåten, i fleire fargar som framhevar det fine listverket.

Stasjonsanlegget på Ygre er vedtaksfreda av Riksantikvaren.

  • Bulken stasjon i 1880-åra

Vossebanen

  • Urdland stasjon

Urdland stasjon (Svein Nord).