• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Glasstova på Ystås

REKKJETUNET PÅ YSTÅS

I tunet på Ystås ligg bygningane til tre bruk på rekkje og rad; eit gammalt fellestun. Kvart bruk har stovehus, masstove – opphavleg ei røykstove – glasstove og løe; halvparten av husa er eldre enn 1800. Fleire av dei eldste bygningane har vore sette i stand dei seinare åra og tekne i bruk på nytt. Ein av desse er ei glasstove med sidesval; bu nede og eit romsleg sengeloft i andre høgda. Her finn vi måla kister og ei dør med vakker prydmåling; eit embetsmannsportrett. Meisteren for dette er nok Johannes Jonsson Kjærland.

  • Prydmåling frå glasstova på Ystås

Prydmåling frå glasstova på Ystås; eit embetsmannsportrett truleg måla av Johannes Jonsson Kjærland (Egil Korsnes).