• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Hummelfossen kraftverk, Masfjorden

Hummelfossen kraftverk. (Svein Nord)

Alt i 1906 vart Matre og Haugsdalsvassdraget kjøpt opp av forretningsmannen Blaauw frå Bergen; den første «fossespekulanten» i Matreområdet. Han selde straks vidare til Fr. Hiort, som overdrog alle rettane til selskapet Matrefaldene i 1908. Bak A/S Matrefaldene stod tyske interesser, Badische Anilin und Sodafabrik, som ville setja i gang produksjon av salpetergjødning med nitrogen og elektrisitet.

Men det skulle gå mange år før planane kom vidare. Rettnok vart det bygt veg frå Matre til Hummelfossen i 1915, og det hadde kome opp funksjonærbustader i Matre. Men under den første verdskrigen gjekk Europa inn i ei uroleg tid, og kraftutbyggingsplanane i Matre vart lagde til side. I 1917 vart arbeidet teke opp att, med Norsk Hydro som utbyggjar. Kraftstasjonen og røyrgata sto ferdig i 1919, men stasjonen kom ikkje i drift. Først under den andre verdskrigen vart Hummelfossen kraftverk teke i bruk. Det var den tyske okkupasjonsmakta som stod for arbeidet. Etter krigen overtok Bergenshalvøen Kommunale Kraftselskap (BKK) anlegget. Stasjonen frå 1919 vart riven. Kraftverksbygningen som står i dag skriv seg frå 1953; eitt av dei mange små anlegga som har skaffa kraft til lokalsamfunnet. I 1986 kom det ein ny moderne stasjon nær den gamle.

  • Matresdalen

Frå Matresdalen med Gamle Hommelfossen kraftstasjon nede ved elva. Kraftstasjonen, den første i kommunen, vart teken i bruk i 1944. Langs røyrgata opp fjellet til venstre for stasjonen går den gamle stigen til garden Kringlebotnen. (Svein Nord)

  • Kraftverket på Fosse, Masfjorden

Kraftverket på Fosse

Det private kraftverket på garden Fosse vart bygt i 1947 og var i drift fram til 1958. På stupet av Brydalsfossen er det eit storfelt utsyn over Matredalen (Svein Nord).

  • Kristiansen, B. & Hatland, G. (1990) Kraften fra fjellet. Bergen, BKK.