• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Sjøbua på Holmeknappen, Meland

Sjøbua på Holmeknappen vart restaurert i 1992 (Svein Nord).

Kjem du sjøvegen frå Bergen og stemner inn Herdlefjorden, er den okergule sjøbua på Holmenknappen eit kjent landemerke på styrbord side når du nærmar deg den vesle strandstaden. Holmeknappen hadde i eldre tid viktige sentrumsfunksjonar for eit vidt oppland av dei kringliggjande gardane: sjøhus, naust, landhandel, seinare også dampskipskai, hotell (1896) og meieri (1909). Men i dag er ikkje lenger Holmeknappen noko knutepunkt. Samferdsla og næringsvegane har endra det gamle mønsteret.

Sjøbua er truleg frå 1700-talet. Her var det tønneproduksjon og sildesalting i dei store sildeperiodane, og ei tid var det også butikk i andre høgda. I dag er sjøhuset restaurert, med mykje av det gamle utstyret på plass.

Ovanfor Holmeknappen, i det gamle gardstunet på Holme, ligg det ei røykstove som er mellom dei eldste i Nordhordland. På ei fjøl står det innskrive ANO MDLI : 1551. Det store, ovaltelgde laftetømmeret tykkjest stadfesta dateringa.

  • Holmestova, Meland
  • Ljorekammen

Holmestova

Holmestova var i bruk til 1958. Då vart ho restaurert slik at den gamle ljoren kom fram, prydd med karveskurdsrosettar og tausnoingsmotiv (Svein Nord).

  • Gjellestad, A.J. (1965) Holmestova i Meland. I: Frå Fjon til Fusa: årbok for Nord- og Midthordland sogelag. Bergen, Sogelaget, s. 64-72.