• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Smedholmen, Fitjar

Like ved leia frå Fitjar til Engesund ligg Smedholmen. Holmen har frå gammalt av vore kalla Kjeaholmen og har vore utmarksbeite for Vestbøstadgardane. Truleg vart holmen ryddja og bygd på 1600-talet. Brukaren var skyss-skaffar for Engesund skyss-stasjon. I 1745 er skaffaren nemnd: «Wed Engsund... Svend Kiholmen som niuder af hver Mand 4 skilling skaffertold». På Kjeaholmen busette det seg ein børsesmed, og smedtradisjonen vart ført vidare i fleire generasjonar. Dei hadde arbeid som smedar for Søndhordland Kompani, og dei vart gifte inn i kjøpmannsaristokratiet. Smia er riven. Ho stod nede ved sjøen, nord for stovehuset. Men holmen vert enno kalla Smedholmen, etter smedane.

Kystkultur og gamle bruksbåtar er sentrale tema for Smedholmen Kyst- og naturlivskule som no held til på holmen.