• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Bjellandsvatnet (Bjørn Moe)

Bjellandsvatnet er eitt av dei rikaste våtmarksområda i Sveio. Men alt har ei grense, næringstilføringa kan bli for stor. Det var dette som var i ferd med å skje i Bjellandsvatnet.

Vatnet er sterkt prega av vassplanta som blir kalla takrøyr. Denne planta er eit kjenneteikn på at det finst mykje næringsstoff (nitrat og fosfat) i vatnet. Som regel er dette ein unaturleg situasjon, på grunn av avrenning frå gjødsla landbruksområde eller kloakkutslepp. Men takrøyr er med på å minka forureininga. Planta har sitt eige reinseanlegg som tek opp nitrat frå vatnet gjennom røtene og frigjer nitrogen som gass til atmosfæren.

I mange tilfelle set ekstra næring frå landbruk fart i den biologiske produksjonen i vatn, slik at plante- og dyrelivet blir både rikare og meir mangfaldig. Men i Bjellandsvatnet hadde attgroinga gått så langt at livsvilkåra til fleire av artane vart truga.

Bjellandsvatnet vart verna som naturreservat i 1995, mest på grunn av fuglelivet. I utgangspunktet er det miljøvernstyresmaktene sitt ansvar å syta for at tilstanden i naturreservata blir halden på det nivået som eksisterte ved vernetidspunktet. Men ein kunne lett sjå at takrøyrskogen voks seg så tett at området vart ueigna for ender og andre symjande vassfuglar.

Derfor vart det i 1996 grave ein kanal som opna dei tettaste takrøyrpartia aust i vatnet. Det såg ikkje vakkert ut dei første åra etterpå, men tiltaket var vellukka. Fleire fugleslag fekk no betre kår, og fem år seinare var det knapt råd å sjå spor etter inngrepet.

I dag finn vi gode bestandar av fleire slag ender, til dømes stokkand, krikkand og brunnakke. I 1979 og 1980 vart den sjeldsynte horndukkaren funnen hekkande i Sveio for aller første gong i Sør-Noreg. Dessutan er området nordgrensa for røyrsongaren si hekkeutbreiing i Noreg. Om vinteren er songsvaner og kanadagås vanlege å sjå.

Eit fugleobservasjonstårn vart reist ved Bjellandsvatnet i 2001.

  • Sivsongar; sjelden å sjå, men lett å høyra.

Våtmarkskommunen

6 av dei 21 verna våtmarksreservata i Hordaland ligg i Sveio. Det er i første rekke eit rikt fugleliv som er kriteriet for å verna våtmarker, men dette er igjen eit resultat av høg produksjon av insekt og andre virvellause dyr.

 

Sveio har mange ferskvatn, samstundes som landskapet ofte er relativt flatt. Dette gjer at vatnet renn tregt gjennom mange innsjøar. Når nedslagsfelta i tillegg gjerne er prega av landbruksdrift, får tilførte næringsstoff tid til å verka. Såleis er våtmarkene i Sveio i hordalandsmålestokk særskilt rike - både på næring og biologisk mangfald. Sumpplanter som takrøyr, flaskestorr og elvesnelle set meir preg på vegetasjonen her enn nokon annan stad i fylket.

 

Typiske fugleartar er spreidde bestandar av brunnakke, krikkand og stokkand, og gode hekkebestandar av sivsporv, sivsongar og nokre stader røyrsongar. Med ein hekkebestand på om lag 40 par finst rundt halvparten av alle brunnakkar i fylket nettopp i Sveio.

 

Å sjå til er kanskje Lokna perla mellom dei verna våtmarkene, medan Bjellandsvatnet og Mannavatn har det rikaste fuglelivet. Det er ikkje særskilde ferdslerestriksjonar i nokon av desse våtmarksreservata, men ein pliktar å ta omsyn til dyre- og plantelivet når ein vitjar naturvernområde.

  • Horndukkar i hekkedrakt.

Horndukkar i hekkedrakt. (Morten Vang)

  • Takrøyr, Noregs høgaste gras.

Takrøyr, Noregs høgaste gras. Vida, fire år. (Svein Nord)

  • Jacobsen, O. W.; Ugelvik, M.; Erdalsdal, J. 1997. Bjellandsvatnet – naturperle og fuglereservat. Krompen 26:16–23.
  • Storstein, B. 1980b. Horndykkeren som hekkefugl i Sveio i 1979 og 1980. Krompen 9:193.