• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Tunet på Nedrevåge, Tysnes

Storstova i tunet på Nedrevåge vart bygd i 1835 (Svein Nord).

Vågsbygdo vart hardt råka av skrede og steinsprang i tiåra kring 17OO, forutan at elvane reiv med seg mykje lausmasse, både stor stein og grus. Mykje av det som kom ned frå Vågsliene, samla seg i Neravåge. Det var så ille at skaden «aldrig igien kan oprøddis heller forbedris», heitte det i 1670.

Nedrevåge fostra ei mengd med dugande jorddyrkarar gjennom generasjonar. Ola Torbjørnson Nedrevåge (1797-1875) var den gjævaste av dei. «Neravågen» var ein storkar utan like i Tysnes. Han gjorde store pengar på notbruk og fiske og skaffa seg kapital som han investerte i ættejorda. Slik vart Nedrevåge den velstandsgarden han framleis er kjend som.

Stova i Nedrevåge, bygd i 1835, var det gjævaste av dei 14-15 husa Ola Torbjørnson etter tradisjonen skal ha bygt. Det gjekk gjetord om storstova i Nedrevåge. Søre stova var den største i Tysnes. Huset står i mest uforandra stand i dag.

Ola T. Nedrevåge sette også opp fleire buer og sjøhus nede ved sjøen. Den store og lange «Longabuo» vart truleg bygd i 3 bolkar.

Notahuset vart rive på 1940-talet. Det kan ha vore det notahuset som far og farbror til Ola Nedrevåge åtte i lag kring 1800.

I «Saltebuo» dreiv gamle «Neravågen» med sildesalting.

  • «Saltebuo» og «Longabuo», Nedrevåge, Tysnes

«Saltebuo» og «Longabuo» – den siste utvida og påbygd to gonger (Svein Nord).