• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Fjose, Voss

Garden Fjose ligg øvst i Tjukkebygda; ein av dei gode korngardane i solhallet her. Treskjeraren Styrk Fjose (1873–1937) var frå denne garden, som no vert teken vare på som kulturminne.


« – thi oprigtig maa jeg tilstaa at jeg ikke kan
erindre mig at have seet et mere interessant
Syn end man erholder ved at passere denne
Vei naar man faaer see over den smukke
saakaldte Tykkebøigden, de deilige Fjeld
med sine Afvexlinger – ».

Slik skreiv Mathias Wilhelm Eckhoff i dagboka si frå 1826, då han reiste om Voss saman med J.C. Dahl. Det same utsynet over Tjukkebygda møter oss ved Mønshaugen i dag : ei frodig dalside med gardar i to rekkjer under Storåsen. Gardsnamna fortel om tidleg busetnad. Midt i bygda ligg Bø, den eldste garden, og kring Bø finn vi gardane med dei nesteldste namna, som i eldre norrønt mål hadde endinga vin (grasmark, beite): Helleve, Melve, Endeve, Hylle, Ygre og Tøn. På dei fleste gardane er det gjort fornfunn.