• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Hufthamartunet, Austevoll

Hufthammartunet er i dag restaurert og sett i stand som bygdetun (Svein Nord).

Mest all gardsdrift i Austevoll har vore kombinasjonsdrift med fiske som hovudnæring. Gardsbruka i kommunen er difor små, sjølv i vestlandsk målestokk.

På garden Hufthamar, heilt nord på Huftarøy, er mykje av det gamle tunet teke vare på. Eldste bygningen på tunet er ei røykstove frå 1600-talet. I 1815 vart det flytta ei bu med loft til garden, og ho vart bygd saman med røykstova, med kjøkken og gang i mellom. Seinare vart det også bygt på ark.

Det har budd folk i huset like fram til 1970. Bygningen har gjennomgått ombyggingar og moderniseringar, i takt med endra krav til bustaden gjennom tidene. Denne eine bygningen viser oss såleis 300 års utvikling i byggeskikk og bustandard.

Nyastova er ei lemstove frå 1854. Elles på tunet er det løe med fjøs frå kring 1820, eit stabbur som truleg er frå 1700-talet, og potetkjellar frå før 1850.

Bygningane i Hufthamartunet gjev oss eit nærbilete av levekåra for fiskarbonden, og kanskje særleg for fiskarkona.

  • Fiskereiskapar

Fiskereiskapar

Fiskereiskapane gjev oss eit bilete av gamle fangstmetodar (Egil Korsnes).